page view image

Julekonsert Sund Kyrkje 05.12.22 kl. 19:00 - Sund Blandakor, Sund Brass og Sund Toraderklubb

Arrangementsinformasjon
event image

Hjarteleg velkomen til vår årlege julekonsert i Sund Kyrkje 05. desember kl. 19:00. 

Vi i Sund Blandakor, Sund Brass og Sund Toraderklubb ser fram til å gje deg ei stemningsfull og musikalsk oppleving i ei travel førjulstid. Ta med deg heile familien, ta dykk tid til å setje dykk ned nokre timar, gløyme julestria og alt de skulle ha gjort. Senk kvilepulsen og berre nyt straumen av vakre tonar. Musikk frå kor, brass og torader kan vere balsam for sjela, og det er kanskje nett det du treng denne måndagskvelden i desember.
Vi ser fram til å underhalde deg, vel møtt.

Vaksne: kr. 250

Born opp til 16 år: 50 kr. 

Born under 6 år: Gratis

Dørene opnar kl. 18.30

sundblandakor sundkyrkje sundbrass sundtorader julekonsert kyrkjekonsert kirkekonsert 05.12.22 5.desember øygarden øygardenkommune kor korsang brass torader julestemning kl.1900 klokkarvik

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje.